Fri inspirasjon

Fri inspirasjon

Her vil FriInspirasjon prosjekt bli presentert

Cuba

Livstegn i ny og nePosted by Henrik Yksnøy Mon, April 11, 2011 16:17:38
Vi har no vore ei veke paa Cuba, skulle gjerne hatt lenger tid her. Vi leigde bil i tre dagar og koeyrde mellom anna til Santiago de Cuba og plukka opp nytt mannskap, Ida Standal og Anna Sara Sanna Fjeld. No har vi fylt baaten med mat og vatn og vi kastar loss om berre nokre timar. Neste stopp er Halifax i Canada, vi reknar med aa vaere framme i maanadsskifte april/mai.

  • Comments(1)//fri.caty.no/#post72

Segle med Fri Inspirasjon?

Livstegn i ny og nePosted by Henrik Yksnøy Sun, March 13, 2011 19:48:34
Har du lyst å segle med oss ombord på Fri Inspirasjon? Vi har sett fordelen med å ha fire personar ombord på lengre etapper. Etappane blir Cuba-Canada, og deretter Canada-Færøyane-Volda, kanskje Grønland om isen tillata det. Vi reise frå Cuba i midten av April og frå Canada i slutten av Mai, det er mogleg å være med på ein eller begge av etappene. Uansett, så blir det galskap! send en mail til henrikyksnoy@hotmail.com

  • Comments(0)//fri.caty.no/#post71

Dominikanske Republikk

Livstegn i ny og nePosted by Henrik Yksnøy Sun, March 13, 2011 19:43:00
I går kom vi til den Dominikanske Republikk, etter litt over tre døgn med segling. Siste kvelden spakna vinden, så medan vi låg og dreiv fyrte vi opp pc-en og hadde kino i cockpiten, sosialt!
Når vi kom til Samana, fekk vi med ein gang besøk av kystvakta og tollen. Eg fekk endeleg moglegheit til å bestikke tollen! Veldig fornøgd med det :) Her snakka alle spansk, så ej forsto ikkje kva han sa, men det var tydelig at han ville ha penga.
Her blir vi i to veker før vi setter kursen mot Cuba!

  • Comments(1)//fri.caty.no/#post70

St Martin

Livstegn i ny og nePosted by Henrik Yksnøy Mon, March 07, 2011 20:48:11

Etter 10 dagar på Antigua ilag med Sean på White Whisper og Jim frå Ammeteur, forlot vi English Harbour og stampuben vår Mad Mongose. På Antigua er det veldig mange super-yachts, og derfor er det også mange unge folk som jobbar som crew på desse båtane, og alle møtest på Mad Mongose på kveldane.

Vi segla til Nevis, der vi møtte båten Ilddåp, med Stian, Anders og Jan Olav ombord. Jan Olav vart med Fri Inspirasjon nokre dagar, og Anders og Jan Olav vart med ein lokal fiskar eit par dagar for å tjene til livets opphald. På Nevis havna Fri Frøydis under brygga, og vart fullstendigf ødelagt etter at ei bølge slo den opp under brygga. Heldigvis klarte motoren seg bra. Så det vart ein del svømming fram og tilbake frå båten, men no har vi kjøpt ny dinghy, Fri Frøydis 2.

Etter Nevis segla vi til St Martin, her vi ligg no. Her har vi i tillegg møtt Independence 3, og etter at Jan Olav gjekk tilbake til Ilddåp, har vi plukka på nytt mannskap, Signe frå Independence 3. Tilfeldigvis kom vi til St Martin medan Heineken Regatta 2011 pågjekk, vi var ikkje med på Regattaen, men det var også mykje liv på land.

I går var vi mellom anna på konsert med Wycleaf Jean.

I morga seglar vi mot den Dominikanske Republikk, omkring 300 nautiske mil herifrå.

  • Comments(0)//fri.caty.no/#post69

Trinidad

Livstegn i ny og nePosted by Henrik Yksnøy Thu, December 23, 2010 15:31:03
21 desember kom vi fram til Trinidad! Seglasen tok nøyaktig tre veker, og det er fint å kunne gå på land igjen! I morga blir det julefeiring ilag med Mark. Ønsker alle heime ei God Jul!



  • Comments(2)//fri.caty.no/#post66

Og litt meir liv paa Kapp Verde

Livstegn i ny og nePosted by Henrik Yksnøy Tue, November 30, 2010 13:35:25

Etter at vi hadde slept Fri Inspirasjon til Marinaen var det paa tide aa fikse motoren. Etter at vi sjoelv hadde sjekka det mest elementaere, (les: skifte filter) hadde vi behov for litt meir kompetanse. Daa brukte vi den vanlege taktikken, som gaar ut paa aa gaa rundt paa marinaen og spoer andre baatar om hjelp. Det fungerar kvar gang. Henk fraa Nederland var meget hjelpsom, og tilbrakte ein halv dag ombord i Fri Inspirasjon. Han fekk ei flaske whiskey som takk for hjelpa. Men motoren ville fortsatt ikkje starte, saa vi fekk tak i ein mekaniker. Naar han omsider ankom baaten, starta han motoren paa tredje forsoek. Ingen anelse paa kva han gjorde. Deretter tok han med impeller-huset og tetta det. Uansett kva som feilte motoren, saa virkar den iallefall no!

Med alt klart ombord var planen aa kaste loss forrige laurdag/soendag. Men passatvinden har vore fraavaerande. Eit voldsomt lavtrykk lenger nord i Atlanterhavet har foert til vind fraa soervest, med andre ord: motvind.... Dermed kom det eit voldsomt antal baatar hit som seglar i ARC-en. Daa vart ikkje Kapp Verde like eksotisk lenger, og det vart mykje stress i marinaen. Dermed la vi oss for anker igjen. Her i Mindelo ligg no ogsaa blant anna Ella, Maggie og Harry Z.

For augneblinken er det totalt vindstille, men ifoelge meldinga skal det kome meir vind i kveld og utover natta. Saa vi kastar loss i kveld, det er paa tide aa kome seg vidare! Planen er aa segle til Tobago, der vi skal feire jul ilag med Mark fraa Mare Liberum. Vi satsar paa aa kome fram foer jul, sjoelv om det ikkje er sikkert med dei merkelige vindforholda vi ser no. Men vi satsar paa aa finne passatvinden paa rundt 12-13 grader!

Ha ei god adventstid!

  • Comments(0)//fri.caty.no/#post65

Livet paa Kapp Verde

Livstegn i ny og nePosted by Henrik Yksnøy Tue, November 30, 2010 13:23:20

Etter at vi kom til MindeloLaurdags kveld vart vi liggande for anker til tirsdag. Daa segla vi til den lille landsbyen Tarafall paa nabooeya. Vi var fire "ungdomsbaatar" som segla dit ilag, Fri Inspirasjon, Mare Liberum, Allie og Barracuda. Vi ankra opp rett utanfor stranda, paa ti meters djup. Det var braadjupt, noko som foerte til at boelgene braut 2-3 meter fraa land. Dermed vart det dinghi(lettbaat)-rafting. Men uten motor, fordet var ikkje sjeldan at baaten gjekk rundt og man fekk ein ufrivillig svoemmetur.

Foerste kvelden hadde vi grillfest paa stranda. Vi var totalt 11 stk, og alle vart mette paa fisken som Allie hadde fiska tidlegare paa dagen. Kva fisk det var er vi litt usikre paa, men den var iallefall god.

Dagen etter vart det fjelltur. Det var min foerste fjelltur sidan vi forlot Noreg, og det merkast. Ein sit som regel ombord i baaten, selvfoelgelig med unntak av naar ein soev. Som om det ikkje var nok med fjelltur, spelte vi slaaball paa stranda seinare paa ettermiddagen. Det vart ein rolig kveld.

Paa torsdagen var det duka for ein ny grillfest. Vi hadde ingen fisk, men det hadde vi jo allereide spist. Alternativ? Jo, vi kjoepte ein gris! Det var litt av eit prosjekt som tok heile dagen. Foerst maa ein finne grisane, saa maa ein finne ein gris med riktig stoerrelse, og til slutt avtale pris. For den som lurer, her er prislista for grisar paa Kapp Verde: Liten 35 €, Medium 70 € , Medium/stor 100 €. Det var iallefall det vi vart fortalt, usikker paa om vi vart lurt. Vi kjoepte iallefall den til 100 €. Deretter vart grisen slakta, det var underholdning for baade turist og lokal, saa vi var plutseleg 25-30 stk som fulgte med paa slaktinga. Grisen vart slept ned til stranda etter forbeina, og gav tydeleg uttrykk for si stadig voksande misnoeye. Utover kvelden havna grisen paa baalet og stemning steig. Halve landsbyen hadde moett opp og tatt med groggen sin. Den var tydeligvis ganske sterk, for en av dei sovna plutseleg rett ved sidan av meg. Han laag der fortsatt naar vi gjekk.

Laurdagen drog vi opp ankeret og satte kursen mot eit naturreservat, der brukar det aa vaere mykje fisk. Men motoren, Marta, slo seg vrang og ville ikkje starte.. Dermed valgte vi segle tilbake til Mindelo. Det var ingen problem, heilt til sola gjekk ned og vinden forsvant. Daa tok vi dinghien vaar Fri Froeydis og slepte Fri Inspirasjon med den. Det var ingen problem og vi holdt 2,5 knop.

  • Comments(0)//fri.caty.no/#post64

Kapp Verde!

Livstegn i ny og nePosted by Anders Lundberg Wed, November 24, 2010 17:51:14


  • Comments(0)//fri.caty.no/#post63
« PreviousNext »