Fri inspirasjon

Fri inspirasjon

Her vil FriInspirasjon prosjekt bli presentert

Canada

Livstegn i ny og nePosted by Henrik Yksnøy Fri, April 29, 2011 18:58:30
I gaar ettermiddag, torsdag, segla vi inn til Halifax sentrum. Det var usannsynlig deilig aa kome til land 17 dagar etter at vi forlot Cuba. Vi la til rett foran los-baatane, og fekk laane ein telefon og ringte til customs. Dei kom raskt til baaten, og vi vart fort innsjekka i Canada.
Seglasen var prega av stor tempoeraturforandring, kanskje ikkje saa rart egentlig. Siste veka satt vi i overlevelsesdraktene, takk til sparebanken for sponsing!, kvar gang vi var paa vakt. Og daa vi naerma oss Canada kom ogsaa taaka, saa dei siste fem dagane saag vi ingenting, ganske spanande, men ogsaa litt kjedelig.
I gaar moette vi ogsaa Ilddaap heilt tilfeldig! Finnoey-gutane kom tilfeldigvis vandrande inn paa puben der vi satt! Gjensynsgleda var stor.

  • Comments(0)//fri.caty.no/#post73

Cuba

Livstegn i ny og nePosted by Henrik Yksnøy Mon, April 11, 2011 16:17:38
Vi har no vore ei veke paa Cuba, skulle gjerne hatt lenger tid her. Vi leigde bil i tre dagar og koeyrde mellom anna til Santiago de Cuba og plukka opp nytt mannskap, Ida Standal og Anna Sara Sanna Fjeld. No har vi fylt baaten med mat og vatn og vi kastar loss om berre nokre timar. Neste stopp er Halifax i Canada, vi reknar med aa vaere framme i maanadsskifte april/mai.

  • Comments(1)//fri.caty.no/#post72

Segle med Fri Inspirasjon?

Livstegn i ny og nePosted by Henrik Yksnøy Sun, March 13, 2011 19:48:34
Har du lyst å segle med oss ombord på Fri Inspirasjon? Vi har sett fordelen med å ha fire personar ombord på lengre etapper. Etappane blir Cuba-Canada, og deretter Canada-Færøyane-Volda, kanskje Grønland om isen tillata det. Vi reise frå Cuba i midten av April og frå Canada i slutten av Mai, det er mogleg å være med på ein eller begge av etappene. Uansett, så blir det galskap! send en mail til henrikyksnoy@hotmail.com

  • Comments(0)//fri.caty.no/#post71

Dominikanske Republikk

Livstegn i ny og nePosted by Henrik Yksnøy Sun, March 13, 2011 19:43:00
I går kom vi til den Dominikanske Republikk, etter litt over tre døgn med segling. Siste kvelden spakna vinden, så medan vi låg og dreiv fyrte vi opp pc-en og hadde kino i cockpiten, sosialt!
Når vi kom til Samana, fekk vi med ein gang besøk av kystvakta og tollen. Eg fekk endeleg moglegheit til å bestikke tollen! Veldig fornøgd med det :) Her snakka alle spansk, så ej forsto ikkje kva han sa, men det var tydelig at han ville ha penga.
Her blir vi i to veker før vi setter kursen mot Cuba!

  • Comments(1)//fri.caty.no/#post70

St Martin

Livstegn i ny og nePosted by Henrik Yksnøy Mon, March 07, 2011 20:48:11

Etter 10 dagar på Antigua ilag med Sean på White Whisper og Jim frå Ammeteur, forlot vi English Harbour og stampuben vår Mad Mongose. På Antigua er det veldig mange super-yachts, og derfor er det også mange unge folk som jobbar som crew på desse båtane, og alle møtest på Mad Mongose på kveldane.

Vi segla til Nevis, der vi møtte båten Ilddåp, med Stian, Anders og Jan Olav ombord. Jan Olav vart med Fri Inspirasjon nokre dagar, og Anders og Jan Olav vart med ein lokal fiskar eit par dagar for å tjene til livets opphald. På Nevis havna Fri Frøydis under brygga, og vart fullstendigf ødelagt etter at ei bølge slo den opp under brygga. Heldigvis klarte motoren seg bra. Så det vart ein del svømming fram og tilbake frå båten, men no har vi kjøpt ny dinghy, Fri Frøydis 2.

Etter Nevis segla vi til St Martin, her vi ligg no. Her har vi i tillegg møtt Independence 3, og etter at Jan Olav gjekk tilbake til Ilddåp, har vi plukka på nytt mannskap, Signe frå Independence 3. Tilfeldigvis kom vi til St Martin medan Heineken Regatta 2011 pågjekk, vi var ikkje med på Regattaen, men det var også mykje liv på land.

I går var vi mellom anna på konsert med Wycleaf Jean.

I morga seglar vi mot den Dominikanske Republikk, omkring 300 nautiske mil herifrå.

  • Comments(0)//fri.caty.no/#post69

Artikkel i Møre Nytt 1/2-2011

PressePosted by PR ansvarlig Thu, February 03, 2011 05:31:26
Et sammendrag av turen til no

  • Comments(1)//fri.caty.no/#post68

Artikkel i Møre 15/1-2011

PressePosted by PR ansvarlig Sat, January 15, 2011 16:13:33
Livet i Tobago


  • Comments(0)//fri.caty.no/#post67

Trinidad

Livstegn i ny og nePosted by Henrik Yksnøy Thu, December 23, 2010 15:31:03
21 desember kom vi fram til Trinidad! Seglasen tok nøyaktig tre veker, og det er fint å kunne gå på land igjen! I morga blir det julefeiring ilag med Mark. Ønsker alle heime ei God Jul!



  • Comments(2)//fri.caty.no/#post66
« PreviousNext »