Fri inspirasjon

Fri inspirasjon

Her vil FriInspirasjon prosjekt bli presentert

Båten er ein arbeidsplass!

Livstegn i ny og nePosted by Anders Lundberg Sun, July 11, 2010 22:54:48

Om dagane er båten ikkje ein seglbåt, men rettare sagt ein arbeidsplass. Det er mykje som må fiksast og lista blir ikkje så veldig mykje kortare for kvar dag som går, men det er nok meir fordi vi finn fleire ting som må utbetrast. Her er nokon bilete frå båten/arbeidsplassen.

Vi har no fått oss ein "ny" båtplass som er veldig kjekk når vi skal arbeide med båten, for det første er det ingen andre båtar der slik vi får veldig god plass og som ein ser på det eine bilete, ein kan demontere veldig mykje rart og ha det liggande rundt om kring. Det som er eit slags problem med denne plassen er at vi får ein del besøk sidan vi ligg ganske godt til, slik at tidvis kan det verte mykje prat og lite jobbing!

Snakkast!

  • Comments(0)//fri.caty.no/#post10