Fri inspirasjon

Fri inspirasjon

Her vil FriInspirasjon prosjekt bli presentert

Klare for avreise!

Livstegn i ny og nePosted by Anders Lundberg Tue, July 20, 2010 23:53:54

I dag kl 2350, vart båten så og seie klar for avreise! Etter mykje rydding, roting og meir rydding er båten klar slik at tre karar kan flytte inn i og bli buande der i nesten eit år. Meste parten av dagen i dag gjekk også vekk til å få bunkra opp med dei nødvendige proviantane, eg kan nemne: 230 liter disel, 30 liter bensin, ca 300 liter vatn og mat for nesten 3000 kr. Dette har då i etterkant bli stua inn og sjøsikra i båten, som ikkje er ein liten sak.

Avreise blir klokka 12.00 ved Volda småbåthamn, men blir ikkje direkte over nordsjøen til Shetland på grunn av for dårlege vermeldingar, i morga sett vi kursen mot Sandsøya der vi blir liggande til grytidleg fredag. Den ekstra dagen på Sandsøya vert nytta til å få gjort båten heimekoseleg, til dømes å tømme sekken for dei personlege eigendelane og legge dei i det lille som er av skap og lagringsplass!

Vi sjåast på kaia i morga!

  • Comments(0)//fri.caty.no/#post12