Fri inspirasjon

Fri inspirasjon

Her vil FriInspirasjon prosjekt bli presentert

Dublin

Livstegn i ny og nePosted by Henrik Yksnøy Fri, August 06, 2010 16:40:39

Etter Kirkwall på Orknøyane segla vi til Wick nord i Skottland. Etter ei lita pubrunde fant vi fort ut at innbyggarane i Wick er veldig begeistra for karaoke, men for all del, det var god stemning. Deretter gjekk turen til Chromaty, og på vei dit fekk vi for alvor stifta bekjentskap med delfinane. Det vart sagt at hamna i Chromaty skulle være 2 m djup, noko den absolutt ikkje var, men vi kom oss akkurat ut igjen neste morgen. Neste stopp var Inverness og Caledoniakanalen. Vi var fornøgd med å komme til den første slusa, etter at vi på første forsøk kjørte oppover feil elvemunning, og der var det slettes ingen sluser å finne...
Slusene var artig i byrjinga, men når ein skal passere nesten 30 stk blir det fort rutine. På Loch Ness vart det både bading og fisking, i tillegg til ei overnatting ved sida av ein liten landsby. Nessie såg vi dessverre lite til, sjølv om Anders hang bak båten i eit tau som agn. Vi bestemte oss for å køyre gjennom kanalen og komme oss til Dublin så fort som mogleg, slik at Erik kunne flyge heim derifrå. På det meste var det 8 sluser og ganske mange høgdemeter på ein gang, og etter 4 dagar var vi ute av kanalen. Frå Fort William segla vi sørover mot Dublin, sjølv om segla ofte måtte bli erstatta av motoren. Motvinden er tydeligvis veldig glad i oss, og vi er ikkje så veldig glad i å sitte å vente på at vinden skal snu.

Torsdag morgen kom vi fram til Dublin. Vi ligger så nært sentrum som vi kunne komme, rett før første brua. Ein av våre nærmaste naboar er forresten skipet The World. Det blir ikkje lagt ut bilder av The World og Fri Inspirasjon ved sidan av kvarandre, vi blir fort litt små. Erik reiste heim igjen i dag, etter en utmerket innsats ombord i litt over to veker. I kveld landar Øystein på flyplassen her og skal mønstre på, han får eit par dagr med tilvenning før vi kastar loss. I kveld blir det nok å prøve å finne ein pub, trur ikkje det skal by på store utfordringar her i Dublin.


Ohoi!

  • Comments(2)//fri.caty.no/#post25