Fri inspirasjon

Fri inspirasjon

Her vil FriInspirasjon prosjekt bli presentert

Camarinas

Livstegn i ny og nePosted by Henrik Yksnøy Tue, August 24, 2010 15:49:56
Hola!

Laurdag formiddag kasta vi loss frå La Coruna, tåka låg tett og la seg enda tettare ut på dagen. Vi hadde eit håp om at det berre var morgentåke, men det var det altså ikkje. Båtar dukka opp i hytt og pine, og det toppa seg då vi høyrde ein tåkelur i det fjerne, som plutseleg kom nærmare og nærmare, men båten såg vi aldri. Ein halvtime før vi kom til Corme letta tåka, og det var ingen problem å ankre opp. For første gang på turen låg vi på svai, no skal det bli billig å leve! Mark og Trygve kom rett etter oss i Mare Liberum. Vart i Corme til i dag, tirsdag, og etter ei ny dagsetappe ligger vi no til hamn i Camarinas. Anders segla i Mare Liberum på denne etappa. Sol og fint vær! Neste etappe blir rundt Cape Finisterre, men vinden skal blåse frå sør heilt til fredag, og då satsa vi på å reise vidare.

  • Comments(0)//fri.caty.no/#post33