Fri inspirasjon

Fri inspirasjon

Her vil FriInspirasjon prosjekt bli presentert

Livet i Marokko

Livstegn i ny og nePosted by Henrik Yksnøy Mon, October 11, 2010 16:49:26

Dei siste dagane her i marinaen i Muhammadia har det vore seks båtar med ungt mannskap, i tillegg til oss er det tre båtar frå Sverige, ein båt frå Frankrike og ein frå Tyskland. 11 av oss tok på laurdag turen til Casablanca, kun ein liten togtur herifrå. Vi hadde store forventningar til byen, men i og med at det høljregna heile turen var ikkje inntrykket det heilt store. Vi søkte ly for regnet og drakk te store delar av dagen. Vi hadde høyrt rykter om at i Casablanca skulle det være verdens høgste moske, dermed valgte vi å gå dit. Dette var ikkje underteikna sitt forslag, som var meget lei av å leike turist. Men for all del, det var ein høg moske.

Natt til mandag blåste det opp, og eg kom meg ganske fort opp frå bikka når John frå nabobåten ropte: «Wake up guys!! The marina is breaking apart!» Og når eg kom meg ut i cockpiten og såg mot flytebryggene, såg det ikkje verre ut! Det blåste noko voldsomt, og regnet kom sidelengs. Flytebrygga innanfor oss var bøyd opp, og eine enden var omlag ein meter over havflata, umogleg å komme seg til land. Siste flytebrygga utanfor oss låg vridd og var nær ved å løsne. Det var mildt sagt kaotisk. No var klokka ca 12 og vinden var på det sterkaste, vindkasta vart målt til 57 knop i ein båt og 61 knop i ein annan båt, det er mykje vind! Det var lite fristande å forlate marinaen, sjølv om tilstanden skulle forverre seg. Eg vart fort med i ein dugnadsgjeng og vi trakk tau frå dei forskjellige flytebryggene til kvarandre, og frå flytebryggene til land.

Den største katamaranen i marinaen låg fortøyd på ei flytebrygge som kunne løsne når som helst, dermed måtte den flyttast. Dessverre hadde no dei lokale som jobbar på marinaen her ankomt, og dei prøvde å overta styringa. Dermed forsvant alt som heiter effektivitet... rundt halv fire var vi ferdige, eg gjekk tilbake til båten, men det var ikkje enkelt å sove igjen.

Vinden har løya utover dagen, og vi er no fleire båtar som gjer oss klar til å reise i løpet av eit par timar. Ser ut som vi har eit værvindu dei neste dagane, det er tydelegvis ikkje ideelle segleforhold langs kysten av Marokko i oktober. Neste stopp blir Gran Canaria, reknar med det vil ta omlag 5 døgn. Har rigga ei ny fiskestang og har ståltrua på stor fisk! Eg er vel den som ser mest fram til å forlate Afrika, har ikkje akkurat komt godt overens med maten her nede, lenge leve imodium!

Forresten: tok skjegget i går, for første gang sidan Noreg. Kan no gå inn i ei vidaregåandeklassa utan problem. Problemet derimot er at eg må introdusere meg til folk på nytt. Møtte Ottman tidlegare i dag, han jobbar her på marinaen, og eg kjenner han frå før. Litt ut i samtalen spør han: «Are you also on Henriks boat?» Henrik: «Yes, I am Henrik» Ottman: « No! I know Henrik, I talked to him yesterday» Henrik: « Yes, I know, its just that I have shaved » Ottman: «I look at you, but I still dont believe it. Sorry.»

  • Comments(2)//fri.caty.no/#post52