Fri inspirasjon

Fri inspirasjon

Her vil FriInspirasjon prosjekt bli presentert

Gran Canaria

Livstegn i ny og nePosted by Henrik Yksnøy Tue, October 19, 2010 12:28:46

Seglasen frå Mohammadia til Lanzarote har vore prega av lite vind og mykje motorbruk, altfor mykje motorbruk... Vi prøvde å segle så mykje vi kunne, og starta kun motor når vi kom under 1 knop med segl, då går det seint framover. Iallefall når ein ligg 30-40 grader frå den optimale kursen for å oppnå 1 knop fart, det er lite effektivt. Dermed kom vi ikkje fram til Lanzarote før laurdag ettermiddag. Der vart vi værande kun 14 timar, før vi reiste vidare. Segla veldig nært Fuerteventura, slik at eg og Trygve svømte i land der, tilbrakte omlag 1 minutt på stranda og svømte tilbake til båten, kun for å ha vore der!

Vi kom til Puerto de Pasito Blanco i går og la oss for anker, dermed den tredje øya på tre dagar. I dag køyrde vi inn i marinaen (les: slepte båten inn då motoren stoppa akkurat i hamneinnløpet), på tide med en dusj, i tillegg skal det bli bra å få vaska kleda i varmt vatn for første gang på 3 måneder.

Ellers på seglasen frå Afrika til Kanariøyane fekk vi turens første dorado!! Underteikna var i ekstase då han såg fisken som nærma seg båtripa. Doradoane er tydelegvis ein stimfisk, for det fulgte 20-30 doradoar etter fisken vi hadde på kroken, dei svømte rett bak båten. Vi kasta ut i kroken igjen etter at fisken var ombord og det beit på ein ny, men den kom seg laus før Anders fekk den ombord, til Anders sin store frustrasjon.

Ellers har vi også sett mange skilpadder på den etappen her, bedagelige dyr som stort sett berre driv og følger strømmen. Og for den som lurte: vi har foreløpig ikkje prøvd å ete skilpadde ombord. Det siste eksotiske vi har sett var rett utanfor Gran Canaria, då såg vi turens første flygefisk! Og den flaug pina det langt! Eg var først overbevist om at det umulig kunne være en fisk, heilt til den dykka for så å ikkje å komme opp igjen.

No er det kun eit par dagar igjen til vi får besøk frå Noreg! Det skal bli veldig bra!

  • Comments(3)//fri.caty.no/#post53