Fri inspirasjon

Fri inspirasjon

Her vil FriInspirasjon prosjekt bli presentert

Livet på Gran Canaria

Livstegn i ny og nePosted by Henrik Yksnøy Mon, November 01, 2010 16:06:09

Forrige veke hadde mannskapet ei aldri så lita pause frå kvarandre, noko eg trur alle satte pris på sidan vi til dagleg bur veldig tett på kvarandre. Anders fekk besøk av foreldra sine Johanne og Tore, og dei flytta til fjells for ei veke. Henrik fekk eit etterlengta besøk av Maria, og vi levde livets glade dagar i Maspalomas :) Trygve vart ombord og passa på båten, i tillegg til at han og Mark brukte tida på fridykking. Det endte med ei rokke til middag, den smakte ikkje direkte godt... Torsdag kveld var samtlige ute og åt middag ilag, det var meget trivelig!

No er vi fulltallige ombord og har brukt dagen på å handle inn til overfarten til Kapp Verde og deretter til Karibbien. Vi har høyrt rykter om dårlig utvalg på Kapp Verde, så i dag handla vi mat for 672 euro, altså over 5000 NOK. Varene vart køyrd til marinaen, og det vart tilsaman 10 kasser. No reknar vi med at vi vil klare oss fram til jul, iallefall. Å få alle varene ombord i båten var litt av ei utfordring, men no er det gjort og vi har framleis plass til mykje meir.

I kveld går vi ut frå marinaen og legg oss for anker, der blir vi liggande til torsdag. Planen då er å segle til Kapp Verde ilag med Mare Liberum. Internettet her i marinaen er dårlig, så klarer ikkje å få lasta opp bilder, men skal prøve å få det til ein dag snart.

  • Comments(0)//fri.caty.no/#post56