Fri inspirasjon

Fri inspirasjon

Her vil FriInspirasjon prosjekt bli presentert

Ting ein ikkje tenker over til vanleg.

Livstegn i ny og nePosted by Anders Lundberg Mon, November 01, 2010 16:36:39

Som ein langturseglar er det mykje ein lærar å sette pris på som i det daglege hadde vore heilt dagledags, til dømes internett. Internett er noko vi har lært oss å sette pris på, for det første at ein ikkje har internett på båten vår, men når ein kjem til ein marina og dei har trådlaust internett gjer det livet litt enklare. Ein får sjekka mail, snakke med venner på facebook eller skype og i ny og ne sjekke nettbanken (ikkje alltid det kjekkaste). Og ein anna ting ein sett pris på er ein nærbutikk, eller ein stor butikk nær båten, for sidan ein reiser i ein båt er det naturleg å ikkje ha med bilen på tur. Då må ein ofte gå langt med tunge handlenett og lange armar. Men, og eit stort men, er no når vi har oppholdt oss på Grand Canaria, ein plass mange langturseglarar er innom, er dei vande med våre føresetnader. Så når vi skulle på butikken i dag for å handle for dei neste 50 dagane var dei faktisk forberett på det. Vi gikk til den lokale Spar butikken og sa vi ville til den STORE Sparen, og då fekk vi taxi opp dit på deira si regning. Og vi fylte opp nesten 4 handlevogner og det var så mykje at vi fekk gåver med butikken(vin og strandmatter).


Dagen slutta ikkje berre med den store handelen. Etterpå måtte vi stue alt i båten, noko som var lettare sagt enn gjort. Når vi kom med over 10 kasser med mat og drikke, eit stort griselår og dopapir, viste det seg at dette faktisk tek ein plass. Men etter ein avkjølande pils mens ein tenkte ut og planla det praktiske, vart alt stua ganske raskt. Dog med nokon førehandsreglar. Alt av frukt og grønnsaker må sjekkast for kakerlakkar, og ein må merke all hermetikk og ta av papiret for å ikkje få med kakerlakkegg. For å seie det enkelt, vi vil ikkje ha kakerlakkar ombord i Fri Inspirasjon. Dei er ekle insekt.


Men som eg var inne på tidlegare er det mykje ein ikkje har tenkt over før ein forlot Noreg. Marinaer er ein av dei. Før vi reiste visste undertegna at det ville vere ein av dei største utgiftspostane våra, men kva det eigentlig ville seie hadde eg ikkje aning om. Men på vår lille båt kan det variere frå 14 euro til opp mot 30, og ofte betalar ein akkurat for det same. Do, dusj, vaske klede(sjølv om det kostar ekstra), mulig ein seglarklubb ein har tilgang til, tilgang til marinavatn og av og til internett. Og vatn er ikkje akkurat som i Noreg, der vatnet er reint og godt uansett kor du er i landet. Kort sagt har vatnet her nede(for so vidt sidan vi forlot Irland) smak, smak av klor og er kanskje på ein måte litt fyldigare(?). Men for unge og fattige seglarar som ikkje har råd til å fylle tanken med kjøpevatn, drikk vi det, og etter ei stund blir ein faktisk vand med det. Om ikkje, kan ein berre fylle på med saft! (sjølv om ein ikkje finn saft here nede, får ein tak i eit slags iste-pulver. Det funkar)

  • Comments(1)//fri.caty.no/#post57