Fri inspirasjon

Fri inspirasjon

Her vil FriInspirasjon prosjekt bli presentert

Høgt oppe, både i media og i mastra

Livstegn i ny og nePosted by Anders Lundberg Thu, July 08, 2010 21:37:53

I dag har vore ein innhaldsrik og produktiv dag. Og ein dag som starta tidlig på grunn av at underteiknande var oppe før hanen vekka bonden og vekte resten av mannskapet ein heil halvtime før avtalt tid.

Både den ein og andre pakken hadde komen til Volda Postkontor, og så og seie alt av utstyr vi har bestillt er i havn. Det er nesten så ein kan kjenne at alvoret byrja å vekse fram og at ymse fell på plass. I går fekk vi endeleg straum igjen på båten, takka vere vår fantastiske skipselektrikarvenn Iver Husøy, og planlegginga over korleis resten av det elektriske systemet skal verte. Dette senkar skuldrane på den eine og den andre av mannskapet. Når det er på plass er båten bort imot klar for turen, då gjennstår berre å koble saman alle ledningane våra til vårt nymoderne, og sjølvsamansatt, navigasjonssystem.

Underteikna har også vårte heist opp i toppen av mastra i Emil i lønneberget stil for å innspisere morgodagens innstalasjon av ankerlanterna vår. Eg kan seie at eg var ganske nervøs for å gjennomføre dette, men på veg ned byrja eg å kjenne meg varm i trøya. I tillegg var dette på det gamle (og no reserve) fallet våra, for vi har òg skifta ut fallet både til framseglet og storseglet. Så i morga ser eg nesten fram til å verte heist opp av mine medseglarar.

Som om ikkje dette var nok for ein dag, har vi vore ute i media igjen. Møre var tilstades ilag med Sparebanken og vi viste fram redningsutstyret våra som Sparebanken har sponsa oss med. Dette kjem i lokalavisa på laurdag, og kjem nok til å bli posta her på bloggen etter kvart.

Ps. I morga blir det meir arbeid i mastra, det vil nok kome nokon bilete av dette.

Som dei seier på engelsk, stay tuned!

  • Comments(0)//fri.caty.no/#post7