Fri inspirasjon

Fri inspirasjon

Her vil FriInspirasjon prosjekt bli presentert

Halifax

Livstegn i ny og nePosted by Henrik Yksnøy Wed, May 11, 2011 20:31:50

Etter den første veka i Halifax reiste Ida og Anna Sara heim til Sogndal og eksamenar. Dermed vart det ledig plass i båten, så dermed flytta Skauen og Ivar inn. Det vart ikkje mindre sosialt av den grunn, så dagane har stort sett gått i eit sidan vi kom. Men no har også dei siste Ilddåp-gutta reist, i tillegg til Matthew som vi har tilbrakt alle ettermiddagane med. Men heldigvis har mange familiar her i Halifax forbarma seg over oss, og vi har blitt invitert paa middag heime hjå folk dei siste tre dagane, og i dag er ikkje noko unntak!

Planen var egentleg å kaste loss forrige søndag, men vi vart liggande værfast her, og det er egentleg berre triveleg! Men no ser det ut som det kjem eit værvindu dei neste dagane, så planen er å kaste loss i morgon. Vi har prøvd å finne mannskap her i Halifax, men har ikkje heilt hatt lykka med oss. Så det ser ut som Anders og eg må segle åleine til St Johns på Newfoundland, det skal bli spanande!

  • Comments(0)//fri.caty.no/#post75