Fri inspirasjon

Fri inspirasjon

Her vil FriInspirasjon prosjekt bli presentert

La Coruna

Livstegn i ny og nePosted by Henrik Yksnøy Sat, August 21, 2010 09:34:35

Hola!

Daa er vi klare til aa reise fraa La Coruna. Torsdag kveld vart vi invitert om bord i baaten til Mark i sin Albin Vega 27. Han vart plutseleg uten mannskap og lurte paa om nokon fraa Fri Inspirasjon kunne segle med han dei neste dagane. Etter stein, saks og papir-konkurranse mellom Anders og Trygve, skal Trygve segle ilag med Mark den neste etappa. I tillegg har Oeystein reist heim igjen i dag, saa ombord paa Fri Inspirasjon er det berre meg og Anders igjen. Men til gjengjeld trur vi at autopiloten er reparert, det vil vise seg i dag.

  • Comments(2)

Fill in only if you are not real





The following XHTML tags are allowed: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS styles and Javascript are not permitted.
Posted by Henrik Yksnøy Tue, August 24, 2010 15:38:25

Hei Olav!

Autopiloten fungerar! Iallefall midlertidig, det er ein ny verden ombord.
Ankom Camarinas i dag, Cape Finisterre er rett rundt hjørnet og neste etappe.
Ser fram til at Nordausten skal kome, ligg her og ventar på gunstige vindforhold.
Vigo-fjorden ha vir også blitt tipsa om av andre seglarar, blir nok ein stopp der.
Fortsatt relativt lave badetemperaturar så langt nord som vi er no.

Posted by Olav Hauso Sun, August 22, 2010 01:13:31

Som eg vel har nemnt tidlegare: "The slavery of the tiller" må for (nesten) ein kvar pris unngåast.. Sjølvstyring gjer jobben for 20 mann, berre meir nøyaktig. Så eg vonar at de har fått reparert så det held eit bel. No siglar de langs kystar, og kan søkje hamn når veiret vert ulageleg. Men eg trur det er lurt å vente på medvinden i alle fall. Leit fram ei bok og ein Grand Reserva dersom naturen er kontrari...Her heime er det hauststemning med liten storm ved Stad. Når de no kjem synnom slutten på verda (Cape Finisterre) er de vel stort sett i "The Trade Winds", og kan fylgje nordausten til smøret smeltar før de endrar kurs mot vest. Eit forgylt minne for meg er Islas Cies utanfor Vigo-fjorden. Eit bad frå den flotte sandstranda der, og eg kjende meg i "syden" på rett! Også mange kjekke plassar langsmed Portugal-kysten. Med ynskje ein god siglas vidare frå ein giktbroten og stadbunden nisse nordom 62-grada