Fri inspirasjon

Fri inspirasjon

Her vil FriInspirasjon prosjekt bli presentert

Newfoundland

Livstegn i ny og nePosted by Henrik Yksnøy Fri, May 20, 2011 17:44:10

I går formiddag segla vi inn til St Johns, 6 døgn etter at vi forlot Halifax. Været varierte mellom vindstille og motvind. Med defekt autopilot klarte vi heldigvis å balansere båten når vi kryssa, slik at båten styrte seg sjølv deler av turen. Men det var uansett godt å kome til land. No kan vi sove ein gang i døgnet i staden for tre gangar. Customs kom raskt til båten, men etter nokre rutinespørsmål vart det meir snakk om været og seglasen vår, vi var jo allereide innsjekka i landet. Dermed gjekk vi for å foreta den obligatoriske feiringa med hamburger og øl.

I går var det sol og fantastisk vær her, i dag regnar det, noko som er ganske normalt her ifølge ryktene. Men så lenge vi er på land betyr været egentlig ingenting. Atter ein gang ligg vi fortæyd veldig sentralt, midt i sentrum av st Johns. Her blir vi liggande til Rune Fet og Sam Suleiman kjem flygande inn 29 mai.

  • Comments(2)

Fill in only if you are not real





The following XHTML tags are allowed: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS styles and Javascript are not permitted.
Posted by Hilde ML Thu, May 26, 2011 12:51:17

Heia! kjekt at dokke kom velberga fram! god tur vidare :) helsing Johanne, Tore og Hilde paa Kalymnos.

Posted by Kristin&Johannes Sat, May 21, 2011 13:37:47

We are glad that you arrived safely. (Still raining and bad weather in Halifax :-)